Fem av åtte hadde same mangel

Statens vegvesen gjennomførte trafikkontroll på Fv 60 over Utvikfjellet måndag. Dei fann litt av kvart å peike på.

Fjorten tunge køyretøy var innom kontrollplassen, av desse vart sju kontrollerte nærare. To tunge køyretøy vart ilagde bruksforbod på grunn av mangelfull sikring av last.

Eitt tungt køyretøy fekk skriftelig pålegg om å utbetre tekniske manglar ved køyretøyet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Åtte lette køyretøy var innom kontrollplassen, alle vart kontrollerte teknisk .

Fem lette køyretøy fekk skriftleg pålegg om å utbetre manglar ved hovudlys.

Eitt køyretøy vart ilagt bruksforbod på grunn av manglande vindaugsviskar og skriftleg pålegg om å utbetre mangelen. Denne bilen måtte vente på opphaldsvêr før vidare køyring.

Alle tunge køyretøy hadde gode dekk.

Fleire av dei lette køyretøya hadde slitne sommardekk.

– Når vi no går inn i hausten med nedbør, mørke og lauvnedfall, er det viktig å ha gode dekk med godt mønster. Vi oppmodar publikum om å sjekke dekka sine og kontrollere alt lysutstyr og vindaugsviskarar på køyretøya sine, skriv Statens vegvesen i rapporten frå kontrollen.