Butikkane har hatt nokre gode månader, med 6,2 prosent færre konkursar så langt i år. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Færre konkursar i september

I september gjekk 357 bedrifter konkurs. Det er færre enn venta og ein nedgang på 21,4 prosent samanlikna med same månad i fjor.

Kredittøkonom Per Einar Ruud i Bisnode seier at det med koronakrise og nedgangstider var venta fleire konkursar.

– Kompensasjonsordningane har nok redda mange bedrifter, men dei generelle ordningane er no avvikla. Dersom dei nye ordningane som er varsla, berre gjeld for nokre utvalde bransjar, vil det fort komme fleire konkursar mot slutten av året, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han meiner at spesielt bedriftene innan hotell, restaurant og tenesteytande næringar er trua. Dei skil seg ut med fleire konkursar i september. Her er det ein oppgang på 7,6 prosent.

Bygg og anlegg er ikkje merkt av nedgang av koronakrisa. Her er det 24,2 prosent færre konkursar så langt i år. I lagring og transport har det vore 28 prosent færre konkursar, og i eigedom har det vore 21,1 prosent færre konkursar etter dei ni første månadene i år.

Også butikkane, eller detaljhandelen, har hatt nokre gode månader. Her er det 6,2 prosent færre konkursar så langt i år.

(©NPK)