Evangeline Sessford driv bruktbutikk på Sandane.

Færre bruktbutikkar for klede i distrikta

Å kjøpe brukt er populært, men brukt-tilbodet er dårlegare i distrikta.

– Utfordringa med å drive bruktbutikk på bygda er kundegrunnlaget, seier Kristin Hareide i Fretex til NRK.

Sjølv om gjenbruk er i vinden, er det ikkje mange av bruktbutikkane til Fretex i distrikta. I tillegg held dei fleste butikkane til Uff, Røde Kors og Bymisjonen i all hovudsak til i Oslo-området, skriv kanalen. Bruktbutikkforskrifta, som gjeld kommersielle aktørar, gjer det òg meir komplisert å drive sjølvstendig bruktbutikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hareide i Fretex synest i stor grad dei løyser tilbodet med dei butikkane dei har i Noreg. I tillegg driv dei nettbutikk som eit forsøk på å vere tilgjengelege for folk i distrikta.

(©NPK)