I dei tre første kvartala i år vart det meldt inn 3856 bilinnbrot til forsikringsselskapa. Illustrasjonsfoto: Vegard Wivestad Grøtt/NTB/NPK.

Færre bilinnbrot i år

I dei tre første kvartala i år vart det meldt inn 3856 bilinnbrot til forsikringsselskapa. Det er ein nedgang på 10 prosent frå i fjor.

Tala er henta frå bransjeorganisasjonen Finans Norge.

– Nedgangen på heile 10 prosent er gledeleg, men ikkje heilt uventa, seier informasjonssjef Sigmund Clementz i forsikringsselskapet If i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han ser særleg to grunnar til dette, ein av dei er at mobile vinningskriminelle frå utlandet har fått vanskelegare arbeidsforhold med strengare grensekontroll. Bilar og personar blir i større grad sjekka under koronasituasjonen. Den andre grunnen er at få har besøkt Göteborg i sommarferien i år. Ved parkeringsområda og p-husa rundt fornøyelsesparken Liseberg er det normalt mange bilinnbrot. Men på grunn av koronasituasjonen har den halde stengt.

(©NPK)