Illustrasjonsfoto. Foto: Marit Hommedal/NTB/NPK.

EU vil ha forbod mot burhøns

EU-kommisjonen vil forby bruk av bur for millionar av gardsdyr. Det kan vere slutten for fleire norske bønder, meiner Norsk Fjørfelag.

Innan utgangen av 2023 vil EU-kommisjonen leggje fram eit lovforslag om forbod mot å halde dyr i bur eller tronge bingar, melder NRK.

Forbodet vil òg gjelde i Noreg, fordi reglane er ein del av EØS-samarbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Noreg er det allereie eit forbod mot tradisjonelle bur for verpehøns, men korkje i EU eller Noreg er det forbode å halde høns i store og innreia bur. Her må regelverket endrast om det kjem eit forbod mot slike bur òg, opplyser Mattilsynet til NRK.

Norske fjørfebønder har allereie vore gjennom mange kostbare omstillingar dei siste åra.

– Denne gongen er det mange som ikkje har råd til å ta opp endå meir gjeld. For dei kan eit nytt forbod bli kroken på døra, seier styreleiar Ingunn Dalaker Øderud i Norsk Fjørfelag til NRK.