Administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, er bekymra for korleis mange reiselivsbedrifter skal klare hausten og vinteren. Arkivfoto: Margunn Sundfjord/NPK.

Etterlyser støtte til reiselivet

Administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv meiner mange reiselivsbedrifter treng hjelp for å overleve.

Sjølv om mange reiselivsbedrifter har hatt ein bra sommar, er det ifølgje NRK mange som urolege for hausten og vinteren.

– Konkursfrykta stig i tak med fleire restriksjonar. Undersøkingar viser at det er svært låge bookingtal for hausten hos svært mange bedrifter, seier Krohn Devold til kanalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

For å demme opp for dette meiner ho at det hastar med å få til ei ordning som støttar opp om levedyktige bedrifter.

(©NPK)