Statsminister Erna Solberg på Høgres landsmøte på Gardermoen. Foto: Vidar Ruud/NTB scanpix/NPK.

Erna Solberg håpar på vaksinasjon i løpet av vinteren

Statsminister Erna Solberg (H) meiner vaksinasjon mot koronaviruset kan komme i gang i løpet av vinteren «viss vi er heldige».

– Viss vi er heldige, vil vi kunne byrje å vaksinere i løpet av vinteren, sa Høgre-leiar Solberg i talen sin til landsmøtet til partiet på Gardermoen fredag.

– Men det tek tid før vi har vaksinert så mange at det igjen er trygt å leve liva våre slik vi helst ønsker. Fram til då må vi halde ut, sa ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Solberg brukte mykje tid på koronapandemien i talen sin. For nøyaktig eit halvt år sidan vart Noreg stengt ned for å hindre spreiing av viruset.

(©NPK)