Er åleine i Vestland om å tilby nettbasert yrkesutdanning

Pilotprosjektet for tannhelsesekretærar starta opp i fjor haust, med 13 elevar som følgjer undervisninga hovudsakleg på nett. Arkivfoto.

Firda vidaregåande skule satsar vidare på nettbasert yrkesfagopplæring til vaksne, og frå hausten av tilbyr skulen to nye studietilbod.

I august i fjor starta 13 vaksne på utdanninga tannhelsesekretær på Firda vidaregåande skule. Utdanninga er nettbasert, og Firda er einaste skulen gjennom nettskulen Vestland som tilbyr yrkesfagopplæring på nett i Vestland fylke.

Nå fleire

– Vi bur i eit stort fylke, med mange distriktskommunar. Ved eit nettskuletilbod kan ein nå fleire, og fleire vaksne vil få moglegheita til å kunne ta utdanning, seier prosjektleiar og lærar Anette Aske Sollid ved Firda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho er ei av arkitektane bak den populære Gloppenmodellen, helsefagarbeidartilbodet for minoritetsspråklege vaksne som vart etablert ved skulen i 2013.

– Dette tilbodet er både spennande og nytenkjande i vårt fylke, og eg håpar at vi kan nå mange med det, seier Anette Aske Sollid.

No har Aske Sollid og den framoverlente vidaregåande skulen på Sandane tatt eit steg vidare inn i verdsveven, og vil frå hausten av tilby til saman tre yrkesutdanningar via Nettskulen Vestland. I tillegg til tannhelsesekretær kan vaksne over 24 år no ta nettutdanning i helsearbeidarfaget og som apotekteknikar.

Undervisninga vil hovudsakleg vere nettbasert.

– Men elevane må vere budde på nokre fysiske samlingar kvart semester. I tillegg ønskjer vi at deltakaren skal ha opplæring i bedrift. Nokon har kanskje allereie eit relevant arbeid, andre treng kanskje ein praksisplass, opplyser ho.

Fullføringsreforma

Reforma vart vedteken på Stortinget i juni 2021. Alle som har byrja på vidaregåande utdanning, skal ha rett til å fullføre. Fullføringsreforma inneheld tiltak for at fleire ungdom og vaksne skal bestå med studie- eller yrkeskompetanse og vere godt førebudde til vidare utdanning og arbeidslivet.

Viktig supplement

Det er Firda sjølv som har spelt inn forslaget til Nettskulen i Vestland, som har det overordna ansvaret for nettutdanning i Vestland fylkeskommune.

– Med Gloppenmodellen og tannhelsesekretærutdanninga, har vi til saman 43 vaksne elevar under opplæring i dag. Det er eit viktig supplement til den ordinære undervisninga, og viser at det er moglegheiter for å utvikle drifta vidare her på Firda, understrekar ho.

Mykje av undervisningskompetansen til to av studia har dei på huset allereie, men for apotekteknikarlinja er dei avhengige av ekstern hjelp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire interesserte

Søknadsfristen er 1. mars, med det er òg mogleg å søkje etter denne fristen.

– Vi har danna ei arbeidsgruppe der NAV, Rettleiingstenesta og skulen er representert, og vi har eit godt samarbeid. Vi har faktisk fått mange førespurnader frå vaksne som er interesserte i utdanningane allereie, så dette blir spennande, smiler ho.

I utgangspunktet er planen å legge opp til fullt studieløp, men dette kjem ifølgje Aske Sollid an på søkjarmassen.

– Vi såg i fjor med tannhelsesekretærutdanninga at mange av søkjarane sat på mykje realkompetanse. Det førte til at alle 13 elevane der kunne starte rett på VG3.

Realkompetansevurdering

Det er læreplanane i faga for utdanningsprogramma som er utgangspunktet for realkompetansevurderinga, og Aske Sollid veit at det ofte er mange som sit på kompetanse som ein ikkje alltid tenkjer er relevant for ei slik utdanning.

– Slik kompetanse kan vere med på å avkorte og tilpasse studieløpet, så det er viktig at ein har det i tankane når ein søkjer. Det er regjeringa sitt ønskje at vi skal ta i bruk realkompetansen meir enn kva vi gjer i dag, som eit ledd i å få ei utdanning.

For nokre kan denne kompetansen ikkje alltid vere like lett å ta med inn i ein søknadsprosess, og mange kan kvi seg for at dei må bevise noko.

Samtale, ikkje prøve

Aske Sollid understrekar at det absolutt ikkje er noko prøve ein må gjennom for å få godkjent kompetansen ein har opparbeida seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ein samtale rundt eit bord eller ei yrkesretta oppgåve der målet er å få fram kva søkjaren har erfart og lært gjennom livet og arbeidet sitt. Ein treng ikkje å grue seg, smiler ho.

Møte behovet

No håpar ho at dei kan nå mange med dei nye tilboda, og er spent på å sjå interessa dei komande månadane.

– Som vaksen er det ulike ting i livet som gjer at ein ikkje kan møte opp fysisk på ein plass på jamleg basis. Men samfunnet har like fullt behov for arbeidskraft innan ulike yrkesretningar. Då er det veldig fint at vi kan vere med å tilby ei løysing for dei personane som har ønskje og vilje til å ta ei utdanning i vaksen alder, uavhengig av livssituasjon og geografisk plassering, konstaterer Aske Sollid.