Elsparkesyklane dominerer i gatebiletet i Oslo sentrum, og salet har auka kraftig i år. Illustrasjonsfoto: Geir Olsen/NTB scanpix/NPK.

Elsparkesykkelsalet tek av, trass i auka leigemoglegheiter

I første halvår er det selt rundt 100.000 elsparkesyklar, hover- og el-rullebretts. Det skjer trass i vekst i utleigemarknaden for elsparkesyklar.

Samlekategorien var ny på Stiftinga Elektronikkbransjens salsstatistikken i fjor og blir kalla mikromobilitetsprodukt. I dei første seks månadene av 2019 vart det selt rundt 30.000 einingar.

– Det er selt rundt 100.000 av desse produkta hittil i år, og då er det snakk om både dei enklare produkta som ståhjuling og el-rullebrett, i tillegg til elsparkesyklar, seier administrerande direktør Jan Røsholm i Stiftelsen Elektronikkbransjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Veksten har skjedd parallelt med auka merksemd rundt elsparkesyklar og at fleire aktørar har etablert seg med utleigeverksemd, særleg i Oslo.

(©NPK)