Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB.

Eldreombodet er sterkt kritisk til manglande tiltak for isolerte eldre

Eldreombod Bente Lund Jacobsen er svært skuffa og meiner regjeringa gløymer isolerte eldre.

– Vi reagerer sterkt på at regjeringa ikkje varslar nye tiltak mot den sosiale isolasjonen av eldre, seier eldreombod Bente Lund Jacobsen i ei pressemelding etter orienteringa frå statsminister Erna Solberg (H) og helseminister Bent Høie (H) i Stortinget måndag

Statsministeren nemnde berre eldretiltak som er nemnde tidlegare, ifølgje Jacobsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange eldre isolerer seg heime under koronapandemien, og dei som bur i helse- og omsorgsinstitusjonar, har i mange kommunar små moglegheiter til å få besøk. Den sosiale isolasjonen kan få svært alvorlege følgjar for den psykiske og fysiske helsa til dei eldre, seier Jacobsen.

– Det er godt at regjeringa varslar nye tiltak for langtidsledige og for utsette barn og unge. Men at dei isolerte eldre blir gløymde, er fullstendig uakseptabelt, seier Jacobsen.

Ho fryktar at mange kommunar legg seg på ei unødvendig streng linje som følgje av mangel på informasjon.

– Vi ser døme på at kommunar nesten utan smitte så godt som stengjer dørene til institusjonane. Det er opprørande. Retten bebuarane har til besøk kan ikkje setjast til side utan at det er heilt nødvendig, seier Jacobsen.

(©NPK)