POPULÆRT VAL: Salet av elbilar har det siste året auka kraftig i mange distriktskommunar. Foto: Fredrik Varfjell/NTB/NPK.

Elbil-salet aukar kraftig i distrikta

Salet av elbilar skaut i fjor i vêret i mange distriktskommunar.

Det fortel NRK som har sett nærmare på tala til Opplysningsrådet for Veitrafikken. Der kjem det fram at over halvparten av dei nye personbilane som blei selde i fjor, var elbilar. Spesielt var det mange bileigarar i distrikta som skaffa seg nullutsleppsbilar i fjor.

I Sogn og Fjordane var til dømes 42 prosent av dei nye bilane som blei selde i fjor, elbilar. Det er 14 prosent meir enn året før og heile 34 prosent meir enn for fem år sidan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje berre blant bileigarar i Sogn og Fjordane at elbilsalet aukar. Også i mange andre typiske distriktsfylke er det meir og meir populært å skaffa seg elbil.

Elbilforeningen jublar over utviklinga.

– Det her er heilt fantastisk. Elbilsatsinga har endeleg teke av i typiske distriktsområde. Vi er på god veg mot målet om at elbilar skal vera for alle, seier Unni Berge, leiar for kommunikasjon og samfunnskontakt i Elbilforeningen.

(©NPK)