Ekstrem tørke i vest kjem av klimaendringar, ifølgje forskar

Ekstrem tørke på Vestlandet gjer at elvar har tørka inn. – Situasjonen er svært alvorleg, seier klimaforskar.

Holvikfossen ved Sandane har nesten vore tørr i sommar. Dette biletet blei teke måndag denne veka.

– Klimaendringane er her no. Dette er ikkje snakk om naturlege variasjonar, seier Carlo Aall, klimaforskar og professor ved Vestlandsforskning, til NRK.

Fleire bønder i Sogn fortel til kanalen at dei private brønnane på gardane deira er nesten tomme.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje ein drope her. Eg har aldri opplevd noko slikt før, seier 74 år gamle Olav Skinlo om elva som renn gjennom gardstunet hans.

Klimaforskar Aall meiner vi må førebu oss på endå meir ekstremvêr, som mellom anna langvarige tørkeperiodar.

– No har vi endå sikrare kunnskap, og klimaendringane går raskare enn vi frykta, seier han.

(©NPK)