Kommuneoverlege Benny Østerbye Hansen.

– Du skal ha ein god grunn for å reise til Bergen no

Kommuneoverlege i Gloppen, Benny Østerbye Hansen, ber folk tenkje seg om før dei reiser til Bergen.

– Eg vil anbefale at ein kun reiser viss det er absolutt naudsynt. Har ein vore i Bergen, bør ein raskt teste seg om ein får symptom på Covid-19, seier Østerbye Hansen.

Varsemd

Han peikar vidare på at personar som nyleg har vore i Bergen uansett bør utvise varsemd og unngå samvær med risikopasientar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette gjeld særskilt med tanke på besøk ved kommunen sine institusjonar, der mange sårbare pasientar er samla på éin plass.

Ikkje karantene

Kommuneoverlegen avviser at det vil bli sett i verk karantenetiltak for reisande frå Bergen, og viser til at Gloppen kommune følgjer dei nasjonale anbefalingane på dette området.

– Det kan likevel vere verdt å merke seg at òg helsedirektør Bjørn Guldvog seier at ein må ha gode grunnar for å reise til Bergen no. I tillegg kan ein notere seg at fleire kommuneoverlegar kjem med liknande oppfordringar og anbefalingar, seier Østerbye Hansen.