I 2022 er det kanskje ein drone som dette som fraktar blod- og vevsprøvar, legemiddel, utstyr og materiale til og frå sjukehusa på Vestlandet. Illustrasjon: Førsteutkast drone/Airlift Solutions.

Dronehjelp på veg til sjukehusa på Vestlandet

Om to år skal ein ny drone kunne frakte både blodprøver, vevsprøvar, legemiddel og utstyr til og frå sjukehus på Vestlandet.

Selskapet Airlift Solutions leier det nye prosjektet. Dei har fått støtte frå Innovasjon Noreg til nysatsinga og skal utvikle løysingar saman med helseføretaka i Helse Vest, fortel Helse Vest RHF i ei pressemelding.

Skal vere på plass i 2022

– Vi har gått saman med norske underleverandørar og første skissa til ein ny drone for bruk i sjukehusa er klar, seier prosjektleiar Lise Løvereide.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho fortel at løysinga skal vere på plass i 2022, og det neste steget er å gjere testflygingar på kunderuter.

Kvart år blir det frakta over 1,6 millionar blod- og vevsprøvar til og frå sjukehusa på Vestlandet i tillegg til store mengder legemiddel, utstyr og materiale.

Effektiv og påliteleg levering

Ifølgje Helse Vest har dei medisinske fagmiljø, laboratoria og sjukehusa arbeidd aktivt for å få til eit meir påliteleg logistikktilbod.

Både Hans Tore Frydnes, som er klinikksjef for Klinikk for medisinsk teknologi i Helse Stavanger – og leiar for styringsgruppa for droneprosjektet – og Anne Kristin Kleiven, som er utviklingsdirektør i Helse Førde, meiner dronar kan ha stor nytte for helsetenestene.

– Fleire faktorar tilseier at denne typen transport vil kunne bidra til å forbetre logistikk- og kvalitetsutfordringane vi ser i dag. Dronar kan gje effektiv og påliteleg levering, vere betre sporbare og mindre sårbare for ytre faktorar. Utprøvinga i dette innovasjonsprosjektet vil gje oss svar på dette, seier dei.

(©NPK)