Illustrasjonsfoto.

Død mann funnen i Loen

Ein kring 60 år gammal mann frå Nordfjord vart laurdag funnen død i vegkanten om lag 600 meter frå Loen sentrum, i retning Olden, skriv Fjordingen.

– Vi vil etterforske saka på vanleg måte, men vi reknar med det er helsemessige årsaker til at mannen har døydd. Det er ingen mistanke om at noko kriminelt ligg bak, seier politioverbetjent og innsatsleiar ved Nordfjord lensmannsdistrikt, Morten Hagen, til Fjordingen.