– Distrikta må forsone seg med folketalsnedgang og heller fokusere på andre ting

Ekspertar meiner ein del distriktskommunar må forsone seg med fråflytting og ikkje setje seg urealistiske mål om å snu trenden. Fokuset bør heller vere å lage eit godt lokalsamfunn for dei som faktisk vel å bu der.

Solheim i Hyen. Illustrasjonsfoto.

Direktør i det statlege Distriktssenteret Marit Mellingen ber lokalsamfunna ta innover seg realitetane, i staden for å setje seg urealistiske mål om å snu trenden.

– Vi anbefaler at kommunane vel seg fleire mål for utviklinga si i tillegg til folketalsvekst. Det kan vere å bli god på eldreomsorg, folkehelse, kultur eller næringsutvikling. Dermed kan dei skape framtidstru og medvit om at her er det godt å leve og bu, sjølv om folketalet ikkje aukar, seier direktør i det statlege Distriktssenteret Marit Mellingen til NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Statistisk sentralbyrå meiner 140 kommunar vil få færre innbyggjarar dei neste 30 åra. Sterk nedgang i folketalet vil vere som forventa mange stadar.

Mellingen er uroa for at kommunane set seg urealistiske mål om å snu trenden.

– Ein kan jo risikere at ein ikkje vågar å snakke om folketalsnedgang, fordi ein er redd det blir ein sjølvoppfyllande profeti. At ein skapar ein pessimisme som fører til manglande utviklingskraft, seier ho.

Mange kommunar må forsone seg med at dei ikkje vil klare å få til vekst i folketalet, meiner SSB.

– Skal ein få fleire innbyggjarar ein stad, så må ein ta det frå ein annan kommune. Nokon vil vere vinnarar, andre kjem til å vere taparar i den kampen, seier forskar Sturla Løkken i SSB.

(©NPK)