Det skulle vere vanlege folk sin tur, men det vart i alle fall ikkje vanlege vestlendingar sin tur

Statsbudsjettet er ikkje ein gong lagt fram. Likevel bør vestlendingane allereie føle seg svikta og lurt, for dei siste nyheitene kunne knapt vore dårlegare for kysten og Vestlandet.

Norske politikarar brukar mykje tid på å snakke om kva vi ikkje skal leve av. Det dei aller fleste derimot er einige om, er at både oppdrett og energi kanskje er våre to viktigaste framtidsnæringar. Det er det vi skal leve av. Allereie har regjeringa varsla store samferdselskutt, og denne veka slo bomba ned om innføring av grunnrenteskatt på havbruk, og ei kraftig innskjerping av skattane på fornybar energi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Korleis hadde Austevoll, Gulen eller Kinn sett ut utan oppdrett? Odda, Årdal eller Høyanger utan kraft? Eg tør ikkje tenke tanken.

Noreg og Europa står i ein ekstrem situasjon og vi må gjere tøffe kutt. Men det handlar faktisk om prioriteringar. For regjeringa har varsla å bruke milliardar på reversering av reformer og oppsplittingar. Eg kan ikkje finne ei sak som er dummare å bruke pengar på enn å skru opp gamle fylkeskommuneskilt. Vi kunne ha brukt pengane på å styrke Forsvaret, gi meir våpen til Ukraina, senke skattane for nordmenn som no slit med store renteaukar og matprisar. Vi kunne brukt det på å bygge Stad skipstunnel, Hordfast, ny veg over Strynefjellet eller meir rassikring.

Vi burde brukt denne krisesituasjonen til å kutte i offentleg byråkrati eller gjennomført langsiktige økonomiske reformer for framtida. Vi kunne inkludert fleire i arbeidslivet og utdanna fleire for framtidas jobbar. Men dei jobbane finst kanskje ikkje lenger viss regjeringa får det som dei vil. I 2019 hadde Senterpartiet eit landsmøtevedtak der ein avviste «(...) enhver form for statlige ekstraskatter på distriktsnæringer». Geir Pollestad bad regjeringa legge forslaget om grunnrenteskatt i skuffa. I dag seier det same partiet det heilt motsette.

Og så til kraftnæringa: Vi står i ei kraftkrise. Forslaget til regjeringa vil forverre krisa meiner Energi Norge. I tillegg medfører det ei massiv sentralisering av midlar. Kraftselskapa er i dag eigd av kommunar og fylkeskommunar. No skal utbytta desse får i staden gå til staten. Dei pengane vil ein lokalt aldri få igjen. Samtidig står utanlandske oppkjøparar i kø for å kjøpe kraftverk over heile landet, men særleg i Sogn og Fjordane og nordover der det er låge prisar. Utlendingar slepp som kjent unna den berømte formueskatten.

Ein kan godt diskutere skattesystemet, men å legge det om over natta – og attpåtil rett før skatteutvalet skal legge fram sin rapport, er nesten ikkje til å tru. I dei usikre tidene vi står i no, burde i det minste staten gjer sitt for å legge til rette for stabile rammevilkår.

Neste veke kjem statsbudsjettet. Ei veke før har Erling Sande og Torbjørn Vereide gått under jorda. Det kan ikkje overraske mange. Eg håpar likevel at nokon tør å minne dei og regjeringa på at vi må skape verdiar før vi kan dele. Vi kan ikkje drepe næringane vi skal leve av. Likevel skjer det no eit ran av Vestlandet for opa scene. Vestlendingane sin jobb blir å sørge for å gjere det minst mogleg.