Det er om hausten flest hjortevilt blir drepne i trafikken

Det vart påkøyrd og drepe til saman 6.900 hjortevilt på europavegar, fylkesvegar og riksvegar i jaktåret 2019/2020. 31 prosent av desse påkøyrslene skjedde i haustmånadene september til november.

Det går fram av tal frå Statistisk sentralbyrå.

Flest påkøyrsler av hjortevilt skjer på riksvegane. Førre jaktår utgjorde det 72 prosent. Til saman skjedde nesten 90 prosent av alle påkøyrsler på dei tre vegklassene europaveg, fylkesveg og riksveg. Dei resterande påkøyrslene skjedde på andre vegar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er rådyra som er mest utsette i trafikken. I alt 5.800 rådyr blei påkøyrde og drepne av motorkøyretøy. For elg og hjort er talet på trafikkdrepne dyr høvesvis 983 og 918. I alt blei det påkøyrd og drepe 7.700 hjortevilt.

Flest rådyr blei påkøyrd og drepne i Trøndelag. For elg var det flest påkøyrsler i Hedmark, og for hjort var Møre og Romsdal på toppen av lista.

(©NPK)