Det blir ikkje rettssak mellom Fjord1 og dotterselskapet

Fjord1 trekkjer søksmålet mot dotterselskapet The Fjords, og den tillyste rettssaka blir ikkje noko av.

Illustrasjonsfoto.

Opphavleg var det sett av tre dagar i Sogn og Fjordane tingrett, i eit søksmål der Fjord1 ønskte å få løyst opp dotterselskapet The Fjords, skriv Sunnmørsposten.

Dagfinn Netland, administrerande direktør i Fjord1, skal tidlegare i sommar ha sagt til Sunnmørsposten at det har vore usemje om den framtidige strategien i The Fjords. Det er også dette som skal vere årsaka til søksmålet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utover dette skal partane ha vore einige om å ikkje forhandsprosedere saka i media.

Men no bekreftar Netland overfor Sunnmørsposten at dei har trekt søksmålet og er i god dialog med motparten.

Fjord1 eig The Fjords saman med selskapet Norway's Best AS. Dei eig 50 prosent av aksjane kvar.

(©NPK)