Dei smitta har vore i karantene i ei veke

To personar er sette i isolasjon i Stad kommune etter påvist smitte med covid-19, opplyser ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding.

– Dei to personane er nærkontaktar til ein person i same husstand som fekk påvist smitte i førre veke, og dei har allereie vore i karantene i ei veke. Det er difor ingen nye nærkontaktar i saka. Smittesporinga er avslutta, skriv Bjørlo.