Busstreiken er over

Etter i overkant av ti dagar med busstreik vart partane samde klokka 7 torsdag. Dei første bussane vil vere i gang frå klokka 12, ifølgje Yrkestrafikkforbundet.

– Likevel må folk belage seg på at det vil vere driftsforstyrringar utover heile dagen, skriv Yrkestrafikkforbundet i ei pressemelding torsdag morgon.

Eit fleirtal av forhandlingsdelegasjonen tilrår oppgjeret. No skal forhandlingsresultatet ut på uravstemming til medlemmene i dei fire organisasjonane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom forslaget får fleirtal blant den samla medlemsmassen, blir oppgjeret godkjent.

– Vi har meir enn dobla det opphavlege tilbodet frå arbeidsgivar. Det blir gitt generelle tillegg på til saman 5,50 kroner, og dessutan 1 krone som fagbrevtillegg i 2020, uttaler forbundsleiar i Yrkestrafikkforbundet Jim Klungnes i ei pressemelding.

Dei første bussjåførane vart tekne ut i streik søndag 20. september. Totalt la over 8.000 bussjåførar landet over ned arbeidet, og streiken har ramma heile landet.

– Vi vil takke befolkninga og passasjerane våre for den massive støtta vi har opplevd gjennom streiken, seier forhandlingsleiar Stein Guldbrandsen i Fagforbundet.