SVs finanspolitiske talsperson Kari Elisabeth Kaski møtte måndag formiddag Arbeidarpartiets finanspolitiske talsperson Eigil Knutsen (t.h.) og Senterpartiets finanspolitiske talsperson Sigbjørn Gjelsvik til ein ny runde med budsjettforhandlingar på Stortinget. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB/NPK.

Budsjettforhandlingane løfta til høgaste nivå

Finanspolitikarane på Stortinget måtte i helga kople inn partileiarane for å få betre framdrift i dragkampen om budsjettet.

– Eg opplever at vi har veldig god framdrift no.

Det seier Arbeidarpartiets finanspolitiske talsperson Eigil Knutsen etter eit nytt forhandlingsmøte på Stortinget måndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje kollega Sigbjørn Gjelsvik i Senterpartiet har dei to regjeringspartia og SV jobba på høggir både tidleg og seint gjennom helga for å få på plass ein budsjettavtale.

Fristen for semje i budsjettforhandlingane er finansdebatten i Stortinget førstkommande torsdag.

Partileiarane kopla inn

I helga vart òg partileiarane kopla inn i forhandlingane.

– Det er mange gode krefter som har jobba godt gjennom helga, inkludert partileiarane. Så no opplever eg at vi er nærare mål, men det er framleis ting som står att, seier Knutsen, som også er leiar i finanskomiteen på Stortinget.

Ifølgje han har partileiarane bidrege godt til å få landa nokre av sakene som dei tre partia forhandlar om.

SVs finanspolitiske talsperson Kari Elisabeth Kaski meiner det har vore naturleg å kople inn partileiarane når det gjeld nokre «store og viktige» saker.

– Men vi har òg frå SVs side vore bekymra for framdrifta – bekymra for om vi klarer å komme raskt nok i mål. Og det at partileiarane har vore kopla på gjennom helga, har bidrege godt til raskare framdrift, seier ho.

Audun Lysbakken (SV), Jonas Gahr Støre (Ap) og Trygve Slagsvold Vedum (Sp) har denne helga tatt del i budsjettforhandlingane. Dette biletet er frå sonderingane på Hurdalsjøen Hotell tidlegare i haust. Foto: Torstein Bøe/NTB/NPK.

Optimisme

Kaski understrekar likevel at ingenting er klart før alt er klart.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg vil seie at vi har jobba godt gjennom helga og brukt tida godt saman. Vi har hatt lange økter. Men det er framleis ting som står att, seier Kaski til NTB.

Knutsen seier han er optimist.

– Det har vore jobba godt gjennom helga, og eg er optimistisk på at vi klarer å komme i mål med ein avtale som skal styrkje velferda, få ned forskjellane og føre ein rettferdig klimapolitikk, hevdar Knutsen.

– Det er god framdrift no. Held vi oppe den framdrifta, så har eg tru på at det blir ein god budsjettavtale, seier han.

(©NPK)