Høgre-nestleiar Tina Bru meiner det hastar med tiltak for å lette byrda av dei skyhøge straumrekningane nordmenn no må betale. Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Bru: Hastar at regjeringa finn straumløysing

Regjeringa dreg beina etter seg i straumsaka, meiner Høgre-nestleiar Tina Bru. Ho seier at det no hastar med ei løysing.

– Det er kaldt og det nærmar seg jul. Mange går inn i juleshoppinga med ein klump i magen når dei både skal handle julegåver, stelle i stand julemiddagen og i tillegg har ei rekordhøg straumrekning hengande over seg, seier Bru.

I førre veke hindra Ap og Sp saman med SV fleirtal for ei rekkje forslag frå opposisjonen om ulike straumtiltak som Stortinget skulle stemme over. I staden gjekk dei tre partia saman og bad regjeringa finne tiltak som kan lette byrda av skyhøge straumrekningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Førebels har ikkje regjeringa lagt fram nokon forslag til tiltak.

Bru seier at ho har forståing for at pandemihandtering tek mykje av ressursane no, men at regjeringa saman med SV fremja eit budsjett for ei veke sidan utan ekstra tiltak, sjølv om ein allereie då visste at straumen var veldig dyr.

– Det må vere mogleg for ei regjering å ha to tankar i hovudet på ein gong, for no hastar det, seier ho.

(©NPK)