Ordførar i Bergen kommune Marte Mjøs Persen. Foto: Hans Jørgen Brun.

Bergen kommune er Årets nynorskbrukar 2021

Bergen kommune er kåra til Årets nynorskbrukar 2021. Kommunen får prisen for å opprette fast nynorskklasse på ein sentrumsskule i Bergen, uavhengig av søkjartal, frå skuleåret 2021–2022.

Bystyret i Bergen vedtok i 2018 ein omfattande plan for å styrkje nynorsk i Bergen. Ved budsjettforliket for 2020 blei dette forsterka ved å opprette ei fast nynorskklasse i Bergen.

– Språkleg mangfald og forståing har dei siste åra vore ei viktig sak for folkevalde i Bergen, og det er utruleg kjekt å få anerkjenning for dette arbeidet. Prisen Årets nynorskbrukar gir motivasjon til å halde fram det viktige språkpolitiske arbeidet både i skulen og alle delar av kommunen, seier ordførar Marte Mjøs Persen i Bergen kommune i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prisen er på 100.000 kroner og eit diplom som blir delt ut i Ørsta på opningsdagen for Festspela 10. juni.

Det er Nynorsk kultursentrum som kårar Årets nynorskbrukar, og har gjort det sidan år 2000. Prisen blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.