Moskog trafostasjon. Illustrasjonsfoto.

Berekning av straumstøtte kan bli endra til time for time i staden for månadssnitt, erfarer NTB

Onsdag vil regjeringa leggje fram endringar i straumstøtta. Eit grep kan bli å endre berekninga frå månadssnitt til time for time, får NTB opplyst.

I dag blir støtta berekna ut frå eit gjennomsnitt av spotprisen kvar månad.

Ei time for time-berekning kan føre til at straumstøtta vil auke for mange, ettersom straumforbruket ofte er høgast når straumen er dyrast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Derimot vil truleg ikkje innslagspunktet på 70 øre bli endra, etter det NTB kjenner til.

Også straumstøtteordninga for bedriftene kan bli styrkt slik at fleire kjem inn under ordninga. Samtidig vil hovudgrepet med fastprisavtalar for bedriftene liggje fast. (©NPK)