Fagsjef på båt i Frende Forsikring, Edmond Wold Gaulen, fryktar mange båteigarar må starta båtsesongen på verkstad i staden for på sjøen. Illustrasjonsfoto: Vegard Grøtt/NTB/NPK.

Båtekspert fryktar vinterskadde båtar på Vestlandet

Fagsjef på båt i Frende Forsikring, Edmond Wold Gaulen, trur mange båteigarar på Vestlandet må bu seg på ein utsett båtsesong etter ein uvanleg lang og hard vinter.

– Når påsken er over startar sesongen for mange båteigarar. I år gav vinteren lengre kuldeperiodar fleire stader i landet. Eg er spesielt spent på tilstanden til båtar på Vestlandet. Der fekk mange ein vinter utanom det vanlege, seier Gaulen i ei pressemelding frå forsikringsselskapet.

Fagsjefen peikar dessutan på at Vestlandet i år fekk eit skikkeleg vintercomeback i april med snø og kulde. Han trur at vinterherjingane kan bety at fleire båteigarar må bu seg på at båtsesongen blir utsett.

Artikkelen held fram under annonsen.

I periodar med mykje regn eller snør, er det ifylgje fagsjefen ekstra viktig at båteigarane ser til båtane sine. Han oppmodar båteigarane til å sjekka tilstanden på båten og motoren, slik at dei eventuell kan bestilla tid på verkstad eller service.

(©NPK)