BankID er nede torsdag. Foto: Gorm Kallestad / NTB

BankID nede torsdag føremiddag

BankID har nedetid fram til klokka 11 torsdag på grunn av byte av leverandør. Nedetida byrja ved midnatt og skulle opphavleg berre vare til klokka 8.

Det tok dessverre litt meir tid å starte første steg i flytteprosessen. Det kan òg bety at det blir noko kø når vi opnar igjen. Vi beklagar ventinga, heiter det i ei melding på BankID si nettside.

Frå og med torsdag 21. oktober til og med tysdag 26. oktober klokka 8 kan du ikkje aktivere ein ny BankID eller opne ein sperra eller utgått BankID, blir det opplyst vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)