Her frå solformørkinga i 2015, sett frå Longyearbyen på Svalbard. Foto: Håkon Mosvold Larsen/ NTB/NPK.

Året byr på både sol- og måneformørking

Dette året blir eit ganske bra år for dei som er interessert i hendingar på himmelen.

Det fortel astronom Jan-Erik Ovaldsen til NRK. Han gir ut den årlege astronomiske handboka «Himmelkalenderen 2021».

– Høgdepunktet for oss i Noreg blir den fine, delvise solformørkinga 10. juni. Den kjem midt på dagen og vil vare omkring to og ein halv time. Ho blir å sjå i heile landet og er faktisk ganske stor i nord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå Tromsø kan ein sjå at meir enn halvparten av solskiva blir mørk. Aller størst er formørkinga på Svalbard, med 71 prosent i Longyearbyen.

2021 byr i tillegg på ei total solformørking 4. desember og ei total måneformørking 26. mai. Men dei kan dessverre ikkje sjåast frå våre breiddegrader, ifølgje Ovaldsen.

Men ei delvis måneformørking vil kunne opplevast frå Noreg 19. november. Då må du likevel forlate fastlandet. På Svalbard kan heile formørkinga observerast ettersom månen er over horisonten heile døgnet.

Årets første store meteorsverm heiter Kvadrantidane og oppstod natta mellom 3. og 4. januar. Talet på meteorar som kan bli sett frå denne svermen per time, kan vere like høg som frå Perseidane rundt 12. og 13. august og Geminidane i desember.

(©NPK)