49 prosent av befolkninga kjem til å reise ut av eigen kommune i jula, ifølgje ei ny undersøking. Foto: Erik Johansen/NTB.

Annankvar nordmann skal reise ut av kommunen i jula

Annankvar nordmann kjem til å reise ut av eigen kommune i jula, ifølgje ei ny undersøking frå Norsk koronamonitor.

I undersøkinga Norsk koronamonitor har utført er 4.800 personar spurde om dei kjem til å reise ut av eigen kommune i jula.

49 prosent svarer bekreftande på at dei skal dette, og det er flest innbyggjarar i Oslo som svarer ja på spørsmålet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Delen auka kraftig etter at styresmaktene i starten av desember opna for fleire gjester to dagar i jula, og dessutan at reiser heim til jul kan sjåast på som ei naudsynt reise. Før det vart losna på reglane var talet 40 prosent.

– Det er nok liten tvil om at styresmaktene, med statsministeren i spissen, vart tolka som at det blir opna meir opp i jula. Positive smittetal kan òg ha medført at fleire planlegg reiser, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

Samanlikna med ei vanleg jul trur det store fleirtalet at dei kjem til å møte færre familiemedlemmer og venner denne jula. 73 prosent svarer dette, medan berre 2 prosent svarer at dei kjem til å møte fleire.

21 prosent trur dei vil møte like mange, medan resten svarer at dei ikkje veit.

(©NPK)