Dei fire avisene i Nordfjord har alle auke i opplaget sitt det siste året.

Alle Nordfjord-avisene veks, Firda Tidend veks mest

Alle dei fire lokalavisene i Nordfjord har auke i opplaget sitt i andre halvår 2022 samanlikna med same periode året før.

Landslaget for lokalaviser og Mediebedriftenes Landsforening la torsdag fram nye opplagstal for avisbransjen. Tala viser at avisene i Nordfjord seglar i medvind.

– Svært gledeleg

Størst vekst har Firda Tidend, som no har eit godkjent opplag på 2.996, ein vekst på 71, tilsvarande 2,43 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er sjølvsagt svært gledeleg at Firda Tidend sitt opplagstal held fram med å auke. Dette er takka vere dyktige medarbeidarar som står på for å lage eit produkt som vert sett pris på, seier redaktør og dagleg leiar Aadne Gloppestad.

Redaktør og dagleg leiar i Firda Tidend, Aadne Gloppestad, er godt nøgd med at avisa han styrer har aukande opplagstal.

Han takkar også dei mange svært trufaste kundane, annonsørane og lesarane av lokalavisa, og slår fast at dei positive tala gjev motivasjon til å arbeide vidare for å lage ei endå betre avis – både digitalt og på papir.

Fjordingen i Stryn har eit opplag på 3.902 etter ein auke på 21 (+0,62 %) det siste året. Fjordabladet på Nordfjordeid har ein auke på 36 (+1,15%), til eit godkjent opplag på 3.172, medan Fjordenes Tidende i Måløy aukar med 48 til 4.635 (+1,05%).

Ned i Sunnfjord, opp i Sogn

Firda i Førde har ein liten nedgang i opplagstal, til 11.298. Nedgangen er på 160 (-1,40%). Også Firdaposten i Florø har nedgang. Avisa i kystbyen har eit opplag på 4.837, som er 75 mindre enn for eitt år sidan (-1,53%).

Sogn Avis har ein liten vekst, til 9.613 (+126/1,33%). Det same har Ytre Sogn, som no har eit opplag på 1.262 (+44/3,61%).

Like positive er ikkje tala for nettavisa Porten.no i Årdal, som har ein reduksjon i tingartalet på 176, til 1.661 (-9,57%).

– God og viktig journalistikk

Landslaget for lokalaviser (LLA) sine over 100 medlemsaviser aukar totalopplaget med 1.687, ein auke på 0,5 prosent. Som ved førre teljing, går omtrent halvparten av LLA sine lokalaviser litt fram, den andre halvparten litt tilbake. Den stabile trenden for lokalavisene strekkjer seg over lang tid.

Generalsekretær i LLA, Tomas Bruvik, er godt fornøgd med tala som er lagde fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Folk lever jo livet sitt lokalt, og lokalavisene lagar god og viktig journalistikk frå bygder, tettstader og bydelar landet rundt. Avisene våre følgjer folk frå vogge til grav. Undervegs løfter vi fram relevante nyhende, kultur, idrett, næringsliv og ikkje minst det flotte lags- og organisasjonslivet, seier han i ei pressemelding.