Kuldeperioden i februar sørgde for svært høge straumprisar i store delar av landet. Foto: Audun Braastad/NTB/NPK.

90.000 får ekstra bustøtte for å betale straumrekninga

Før påske vil 90.000 bustøttemottakarar få nesten 3.000 kroner ekstra for å hjelpe dei med å betale høge straumrekningar.

Det er i tråd med løyvinga på 260 millionar kroner som Stortinget gjorde i februar, skriv Husbanken i ei pressemelding.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har no sendt tildelingsbrev til Husbanken. Midla kjem saman med bustøtta for februar, som er etterskotsbetalt. I tillegg til ei flat utbetaling på 2.950 kroner kvar, vil dei som er fleire i husstanden, få 120 kroner i tillegg per person.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også vinteren 2019 sørgde Stortinget for å løyve pengar til ei ekstraordinær utbetaling til bustøttemottakarar på bakgrunn av høge straumprisar.

(©NPK)