Vest politidistrikt har måtta flytte på tilsette på grunn av flyktningsituasjonen. Foto: Marit Hommedal/NTB/NPK.

70 tilsette i Vest politidistrikt henta til å jobbe med flyktningar

Vest politidistrikt har 70 tilsette til å jobbe med registrering av flyktningar frå Ukraina. Dette skal ikkje gå utover beredskapen, ifølgje ein politileiar.

60 tilsette var på opplæring fredag, og 10 til skal det i starten av neste veke. Dei skal jobbe ved registreringskontoret på Kokstad, skriv Bergensavisen.

– At vi aukar med 70 tilsette betyr at vi er inne i eit taktskifte med tanke på ei fullverdig asylregistrering. Ambisjonen vår er å behandle flest mogleg saker fortast mogleg, fortel Trond Sekkingstad, leiar for felles eining for utlending og forvaltning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bergensavisa er kjend med at det er henta mannskap frå fleire politistasjonar og trafikkavsnittet, og dessutan personell knytt til førebyggjande arbeid.

– Dette skal ikkje gå ut over beredskapen, men det er ikkje tvil om at dette vil gå ut over andre oppgåver i politidistriktet, seier Sekkingstad.

Til saman er rundt 100 polititilsette sett til arbeid med registrering av flyktningar.

(©NPK)