Barneskuleelevar fekk lære om lokalavisa
4.- og 6.-klassingane ved Nordstranda skule fekk høyre meir om ein spennande aviskvardag då redaktør Aadne Gloppestad tysdag svinga innom skulen i samband med avisveka.
Målet med avisveka er at elevar i 4.-, 6.- og 9.-klasse skal få dagsaktuell undervising gjennom å orientere seg i lokalavisa på ulike medieplattformer.
Gloppestad fortalde om lokalavisa sin posisjon i samfunnet, korleis ein arbeider i ei lita avis i distrikts-Noreg og korleis avisa vert til frå journalistane reiser ut på oppdrag til saker blir publiserte på nettet eller kjem på trykk i papirutgåva.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein liten smakebit frå avisverda for eit hundreår sidan, vart det også tid til.