Vi spurde fem på gata om planane i sentrum

– Kva tankar har du gjort deg om områdereguleringsplanen for Sandane sentrum?

Else Karin Botnen Kleppe, Byrkjelo

– Det positive med planen, slik som eg har oppfatta det, er at det blir laga fint til med fleire grøntareal. Det har mykje å seie både for oss som bur her i Gloppen, men òg for tilreisande. At det er rom i sentrum for å sette seg ned, og kose seg i rolege omgjevnadar, det er viktig. Det trur eg kan gjere Sandane meir attraktivt for tilreisande òg. Eg veit om fleire som kjem til Sandane pga. Trivselsskogen for eksempel.

Dagfinn Nyhammer, Sandane

– Eg tenkjer at det er ein bra ting å få tenkt gjennom heilheita i sentrum. Så er det med dette som med alt anna, ein kan ikkje bli alt for ekstreme. Ein må finne balansen mellom det praktiske og det som gjer sentrum til ein plass folk kan trivast i. At det er møteplassar, og tilrettelagt med plass til gåande og syklande. Så kan ikkje dette gå på kostnad av dei butikkane og verksemdene som allereie er her. Det er godt mogleg at ein kan redusere eller regulere parkeringsplassane, men sentrum skal fungere, både for tilreisande og dei som bur her. Men at sentrum blir sett på med nye auge, er ein god ting. Alt treng ikkje vere slik som det har vore.

Frode Sørensen, Sandane

– Eg vil at det skal bli så fint som mogleg her i sentrum, sjølvsagt. Så er eg litt todelt, fordi eg har familie som har butikk, og har sjølv jobba i butikk. Difor er eg opptatt av at det blir tilrettelagt for tilstrekkelig med parkeringsplassar til butikkane, det er viktig. Men på same tid er eg miljøbevisst, og ønskjer at det skal vere plass til gåande og syklande her i sentrum. Når det er sagt, trur eg det er gjort ein grundig jobb med denne planen, den har vore diskutert mykje fram og tilbake, og diskusjon er bra. Då kjem ein forhåpentlegvis fram til det beste til slutt.

Martin Flatjord, Sandane

– Intensjonen med planen er bra, med ønske om å utvikle sentrum vidare til ein fin plass. Men slik situasjonen er no, med den veksande frustrasjonen med kommuneadministrasjonen, så er eg skeptisk. Vi som bur her i sentrum blir ikkje høyrde, og det verkar for at dei som får synfaring frå kommunen, er kun dei som er positive til reguleringsplanen. Vi andre føler oss forbigåtte, og det er mange av oss som er oppriktig forbanna. Difor håpar eg dei legg vekk planen no, så kanskje om ti år kan vi ta den fram igjen. Det er blitt endå tydelegare no etter at koronapandemien slo inn, at Gloppen kommune ikkje har pengar til noko slikt. Økonomien er skakk-køyrt, så eg tenkjer at det beste er å legge planen på is.

Sigfrid Høgalmen, Sandane

– Skal du få folk inn til sentrum, må dei handle. Det er greitt med fine parkar og alt slikt, men det er ikkje dei som handlar, dei skal nyte. Eg synest det er viktig at butikkane får nok parkeringsplassar, fordi folk går ikkje så langt no til dags. Ein må syte for at dei som vil handle her, får plass. Om det kjem ei heil busslast som set seg i sentrum, er det kanskje ikkje dei som legg igjen mest pengar.