Vinterferien nærmar seg, og tusenvis av nordmenn planlegg utanlandsferiar, viser fersk undersøking. Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen/NTB/NPK.

168.000 nordmenn planlegg å dra utanlands i vinterferien

Regjeringa rår framleis mot å reise utanlands. Likevel planlegg 168.000 nordmenn å reise til utlandet i vinterferien, viser fersk undersøking.

Undersøkinga er utført av YouGov på oppdrag av Europeiske Reiseforsikring. 1.005 personar deltok i undersøkinga frå 3. til 7. februar.

Dei som planlegg utanlandsferie i vinterferien, oppgir at dei anten skal på skiferie eller til varmare strøk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det er framleis knytt stor risiko til å reise rundt i verda slik pandemien er no, åtvarar Europeiske Reiseforsikring.

– Dersom ein trassar reiserådet, altså det raude lyset i reisekartet til styresmaktene, har ein ikkje gyldig forsikring på reisa, åtvarar kommunikasjonssjef Andreas Bibow Handeland.

(©NPK)