Heim   >   Nyhende   >   Nye rundar med lågtrykk og ustabilt vêr

Foto: Lise Åserud/NTB scanpix.

Nye rundar med lågtrykk og ustabilt vêr

Vinterferievekene startar med ustabilt vêr i Sør-Noreg. Nedbøren kjem og går og rører seg gradvis nordover.

Etter at folk i store delar av landet fekk ro på seg til å rydde opp etter stormflod og ekstremvêr i midten av veka, ser det meir uroleg ut igjen når helga kjem.

Vind og nedbør i vest

Fleire lågtrykk vil kome og gå, særleg i Sør-Noreg, opplyser vakthavande meteorolog Magnus Ovhed ved Meteorologisk institutt til NTB.

– I første omgang er det Vestlandet som får dei tøffaste taka, med mykje vind og nedbør natt til laurdag og laurdag føremiddag, seier han.

Natt til søndag kjem eit nytt lågtrykk som blir merka som nedbør både på Austlandet og på Vestlandet. Temperaturane blir forholdsvis høge, med 5–6 varmegrader på kysten.

Natt til måndag dukkar det opp endå eit lågtrykk på Austlandet. Meteorologen åtvarar om vanskelege forhold for folk på farten.

– Alle dei tre lågtrykka kan gi ein del vind, og viss ein skal høgare opp, kan det bli ein del snøfokk, særleg på fjellovergangane, seier Ovhed.

Kaldt i høgda

I starten av det som for mange er vinterferie, er det moglegheiter for snø og kuldegrader dersom ein går i fjellområda eller i innlandet.

Samtidig ser det ut til at vårvêret er sikra for dei som oppheld seg i lågare strøk. Over helga blir temperaturen høgare og forholda generelt rolegare.

– Mellom alle lågtrykka kan det bli periodar med fint vêr, og det ser ut til at det held seg ganske mildt, seier meteorologen.

Nedbøren går nordover

Også i Nordland og Troms vil lågtrykket bli lagt merke til inn i helga, då mest som nedbør. På slutten av helga trekkjer nedbøren mot Finnmark.

Nord-Noreg ned til Trøndelag kan få nordvestleg vind og snøbyer i starten av neste veke.

– Vi kan godt seie at det blir eit nokså stabilt ustabilt vêr, seier statsmeteorolog Magnus Ovhed, som enno ikkje ser nokon teikn på at vi får ein klassisk kald vinter over heile landet.

(©NPK)