Nye opningstider Devik-Hestenesøyra

Fylkesveg 615 mellom Devik og Hestenesøyra er framleis stengd for ordinær trafikk, men blir opna for gjennomkøyring til fastsette tider. 

- Etter ønske frå kommune og i samråd med fylkesleiinga, har vi beslutta å endre opningstidene på kveld kl. 19.00 – 22.00, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

I alle opningstider blir det gjennomført kolonnekøyring.

Opningstidene er: 

Tysdag: 

11.30 – 12.30

14.30 – 16.30 (etter buss)

19.00 – 22.00

Onsdag og torsdag

07.30* – 08.30

11.30 – 12.30

14.30 – 16.30 (etter buss)

19.00 – 22.00

*Første kolonne går litt før kl. 07.30

Ny vurdering torsdag ettermiddag.