Nye kostar på Din Jølsterdag

To unge kvinner har teke på seg ansvaret for stå i spissen for Din Jølsterdag når arrangementet går av stabelen på Skei i september: Rigmor Heggheim og Lilliann Dvergsdal Haugen.

– Dette blir ei heil ny oppleving. Vi tykte det var litt skummelt i starten, men no er det berre spennande, smiler Rigmor Heggheim og Lilliann Dvergsdal Haugen.

Vil løfte konseptet

Det er Skei aktivitetsforum som står bak Din Jølsterdag, og det var leiinga der som kontakta dei to kvinnene med spørsmål om å overta ansvaret for messedagane.

– Vi sa først nei, men det vart ikkje godteke. Dermed vart det ein ny runde og etter litt att og fram, vart det til at vi sa ja, fortel dei, og legg til at Solrun Dvergsdal hadde bestemt seg for å gje seg.

– Vi skal prøve å få inn nye tankar og idear og løfte konseptet vidare. Det har vore glimrande arrangert tidlegare, og det er blitt ein god tradisjon som det er vel verdt å ta med seg vidare, fortel dei to arrangørdebutantane.

Mange lause trådar

– Kva planar har de for årets arrangement?

– Det er mange ballar i lufta, og ikkje så veldig mykje er heilt på plass enno, men det vi har som ein slags hovudidé er at arrangementet i større grad skal trekkast ut i breidda, for å seie det slik. Sidan tivoliet dei siste åra har vore plassert på parkeringsplassen til Firda Billag, ønskjer vi å få i stand det du kan kalle ein raud tråd frå tivoliet gjennom sentrum til Esso. Dette håpar vi skal bli ei rute der folk i alle aldrar kan finne noko å vere med på. Vi håpar det vil bli kjekt å gå denne løypa.

– Har de spesielle ønske om artistar. Kva med Bruce Springsteen?

– Han har vi snakka med, og han var i utgangspunktet positiv, men diverre oppteken akkurat den helga, flirer dei to damene som ikkje vil seie så mykje meir om komande artistar, anna enn at dei har fleire på blokka.

Talentkonkurranse

Nytt av året blir ein talentkonkurranse der jølstringar og andre kan melde seg på og syne fram noko dei er gode på og har talent for.

– Det kan vere ein nittiåring som les dikt, eller ein treåring som har gode dansetakter. Absolutt alle er velkomne til å vere med og ein kvalifisert jury vil kåre ein vinnar søndag som blir finaledag i konkurransen, fortel dei to arrangørane.

I tillegg til talentkonkurransen blir det også konkurranse om å strikke den beste Jølster-sokken, og her har dei to damene fått mange tilbakemeldingar frå slike som ønskjer å vere med.

For alle

Rigmor Heggheim og Lilliann Dvergsdal Haugen er klare på at dei ønskjer å få til eit arrangement for alle aldersgrupper og at Din Jølsterdag skal bli ei framifrå, triveleg helg for alle og at der ikkje skal vere tomrom. Dei fortel også at hotellet kjem til å ha opplegg laurdag, utan at detaljane er klare.

– Det er veldig bra at hotellet er positiv til arrangementet. Det er viktig, og vi får også veldig bra støtte frå resten av næringslivet på Skei, fortel dei to.

Det tek til å fylle seg opp med stands, både av nykomarar og gamle travarar.

– Vi er heilt trygge på at dette skal gå bra, så trygge at vi er opne for å halde fram med å arrangere Din Jølsterdag, smiler Rigmor og Lilliann, og oppmodar alle til å ta turen til Skei.

Dei håpar naturleg nok at mange melder seg på talentkonkurransen.

– Denne er vi veldig spente på. Det vankar reisepremie til vinnaren, fortel dei to, som enno har to månader på seg til å få alle detaljar på plass.