Ljøren eit kjærkome årleg påfyll for alle med interesse for lokalhistorie. No er årets utgåve komen.

Nye 90 sider om folk og fe, hendingar og stadar

Redaksjonen i Ljøren har også denne gongen funne fram interessante historier frå ulike stader i kommunen. For alle lokalhistorisk interesserte gjev Ljøren eit kjærkome årleg påfyll.



I 21 år har redaksjonen i Ljøren, som stort sett har vore den same i alle åra, halde koken. Og kvart år er det presentert artiklar som gjev lesarane kunnskapspåfyll om farne tider, eller friskar opp gamle minne og gammal kunnskap.

Spreier kunnskap

Ikkje minst får lesarane bli litt betre kjende med sambygdingar som har sett spor etter seg eller har spesielle historier å fortelje.

Redaktør er primus motor i Gloppen Sogelag, Sverre Folkestad. Han skriv i forordet at målsetjinga til Ljøren er å spreie kunnskap om Gloppen si historie. Det lukkast sogeskriftet med. Ikkje alt er like interessant for alle, men dei fleste vil utan tvil finne mykje å glede seg over. Dessutan er Ljøren ein type lesestoff folk gjerne les frå perm til perm.

Bak årets utgåve står i tillegg til Sverre Folkestad, Ola Nyhagen, Kari Jordanger, Magnar Heimset, Arne Eikenes og Jan Kåre Fure. Dessutan finn vi artiklar signert Anders Ryssdal, som har skrive om båtferdsla på Breimsvatnet, og ein omfattande artikkel som fortel historia til Gloppen Jentekor, skriven av Inger Haldis Aske Lothe.



 

Andre bidragsytarar

Ljøren har også fleire andre artiklar forfatta av bidragsytararar utanfor redaksjonen. Det gjev skriftet endå større breidde og meir innhald.

Ljøren har t.d. trykt opp att ein artikkel om læraren, spelemannen og idrettsmannen Gabriel Reed, som Dagfinn Myklebust (1918- 2007) skreiv i 1989.

Tre andre artiklar er også signerte av personar utanfor redaksjonen. Arve Kleppe, dagleg leiar i Norsk Countrytreff, har skrive om «Stolt 25-års jubilant i Breim» over to sider og illustrert med mange bilete frå årets festival.

I tillegg har Ove Eide forfatta ein artikkel om Firda-lektor Johannes Aursland. Han gjorde observasjonar av solbana sett frå Karnilshaugen på Hauge. Teoriane hans engasjerer framleis. Vi nemner også «Men så kom silda» av Arne E. Gimmestad, mangeårig fast bidragsytar i Ljøren. Han gjekk bort i haust, 97 år gammal.

Andre drypp frå innhaldet i årets utgåve er ein artikkel om kraftutbygginga i Yksneelvane, om tidlegare markant ordførar Olav Moritsgård som ser tilbake, om støylslivet på Gjengedalsstøylen og om Martin Rønnekleiv sine idrettsprestasjonar. Dette og meir til kan lesarane få med seg i årets utgåve.

Mykje å skrive om

Redaktør Sverre Folkestad er tilfreds med årets utgåve, der det er god geografisk spreiing i stofftilfanget og variasjon i innhaldet. Han peikar på artiklane som markerer jubileum, om Gabriel Reed, Gloppen Jentekor og Norsk Countrytreff. Det viser spreiing i tidsepoke, noko som er bevisst. Sverre peikar også på «Før i verda», som tek føre seg hendingar som ligg nærare i tid.

– Og så presenterer vi skilta som er monterte på dei gamle husa på Sandane og tekstane om dei. Vi har fått mange positive tilbakemeldingar om dette initiativet, seier Sverre.

Han fortel at dei aller fleste utgåvene av Ljøren er på 76 sider, men at stofftilgangen dette året var så omfattande at dei måtte opp i 90 sider.

– Likevel har vi stoff til overs. Vi både får tilsendt manuskript, eller får tips om stoff å skrive om. Gloppen Sogelag deltek også i arbeidet med å lage Kulturminneplan for Gloppen. Gjennom dette arbeidet ser vi at det framleis er mykje å skrive om, seier Sverre.

Kvart år vert det selt 1100-1200 eksemplar av Ljøren. Mange kjøper skriftet som gåve, utanom til seg sjølv.

– Den lokalhistoriske interessa er stor, konkluderer Sverre Folkestad.

 

 

Illustrasjon av Arkitektkontoret 4B.
Martin Eikeset Koren er ny dirigent for Gloppen Janitsjar.
Revyen inneheldt både sketsjar song og danseinnslag slik ein god revy skal.
Vel blåst: Elevane på Nordfjord folkehøgskule hadde tre framsyningar av revyen «Vi køyrer ikkje fly, men revy».
Ljøren markerer fleire jubileum i årets utgåve. I år er det 50 år sidan Gloppen Jentekor vart skipa.