Future of the Fjords sitt søsterskip Vision of The Fjords. Arkivfoto.

Ny teknologipris til Brødrene Aa

Brødrene Aa i Hyen fekk prisen Norwegian Tech Award Maritime for skipet Future of the Fjords.


Prisen er ny av året, og hurtigbåtbyggjarane er dermed dei første som er tildelt det som blir omtala som den nye bransjeprisen i den norske maritime næringa.


I grunngjevinga til juryen står det at vinnaren i kategorien maritim er ein aktør som har forlate komfortsona, gått i kompaniskap med ein kunde og engasjert eit nettverk av norske leverandørar. Saman har dei tatt store tekniske skritt framover og funne eit visuelt uttrykk som står i stil med fartsområdet, skriv Teknisk Ukeblad.


Future of the Fjords er heilelektrisk og er den andre katamaranen i rekka til reiarlaget The Fjords. Sightseeingbåten fraktar turistar på Nærøyfjorden og har plass til 400 passasjerar.


Katamaranen i karbonfiber er bygd av Brødrene Aa i samarbeid med reiarlaget The Fjords. Den kan segle 2,5 timar på batteri i opp til 16 knop. Søsterskipet Legacy of the Fjords er også heilelektrisk og skal stå ferdig til sommaren 2019. Den første The Fjords-båten er hybrid-katamaranen Vision of the Fjords, som i vinter skal ta folk i Oslo med på tur.


Prisen blei delt ut av administrerande direktør og ansvarleg redaktør Jan M. Moberg i Teknisk Ukeblad under Norwegian Tech Award 2018. (©NPK)