Heim   >   Nyhende   >   Ny teknologi kan stoppe lakselus

Foto: Marit Hommedal/SCANPIX .

Ny teknologi kan stoppe lakselus

Det største oppdrettsanlegget i verda vil bruke norsk teknologi for å stoppe lakselus.

Ifølgje NRK vil Mowi, tidlegare Marine Harvest, investere milliardar og nytte norsk undervassteknologi for å fjerne lakselus. Prosjektleiar Henrik Trengereid seier at dette er den største investeringa selskapet har gjort.

Selskapet vil bruke 3,1 milliardar for å utvikle eit oppdrettsanlegg på havbotnen, då det er bevist at lakselusa held seg på overflata.

– Jo djupare ein kjem, jo mindre lakselus finn du i sjøen, seier Ørjan Karlsen ved Havforskingsinstituttet.

Han er leiar for det nasjonale overvakingsprogrammet av lakselus og effekten den har på villaks.

Mowi har søkt om heile 36 utviklingsløyve frå styresmaktene for å sikre at prosjektet blir lønsamt i lengda, noko selskapet har tru på. Men dei treng løyva for å dokumentere at prosjektet er lønsamt.

– Viss vi hadde eit prosjekt vi var brennsikre på at fungerte, ville vi berre gjort det. Men heile poenget med utviklingsløyve er å realisere prosjekt med uviss risiko knytt til det, seier Trengereid til NRK. (©NPK)