Denne ruggen på nesten seks kilo hadde rota seg inn i eine garnet til Kjell Dvergsdal onsdag.

Ny storfisk i Jølstravatnet

-Dette er noko av det absolutt finaste eg har sett av fisk i Jølstravatnet, seier Kjell Dvergsdal om storfisken han plukka ut av flytegarna sine onsdag morgon. 



Dvergsdal bur i Førde men er oppvaksen eit par hundre meter frå der han har garna sine ståande, rett aust for Kjøsnesbrua. Der fiskar han på retten til eit søskenbarn og dei er fleire som fiskar i lag slik at dei slepp å vere på vatnet kvar morgon.

Mykje fisk

Ifølgje Kjell Dvergsdal har det vore eit uvanleg godt fiske aust for brua i år og kvaliteten er også bra, sjølv om den ikkje er heilt på same nivå som i hovudbassenget.

-Hadde far min levd og sett dette, han han sagt at "no skjønar eg ingen ting" Han for som regel heim med nokre få fiskar, fortel Kjell som tykkjer det er eit eventyr å ligge ute på vatnet ein tidleg seinsommarmorgon, og få ei slik oppleving som han fekk onsdag.

- Eg har fått ti kilo i snitt pr. natt på dei sju garna eg har, og eg har fått fleire store fiskar i år. Men denne er den desidert største eg har fått nokon sinne, seier Dvergsdal som har fått 1500 fiskar sidan fisket starta. Med med fire på kiloen i snitt, blir det mange kilo, men det er likevel ikkje snakk om å selje noko av det.

-Eg lagar ein del rakefisk og så gir eg vekk ein del. Grunneigaren skal også ha sitt, fortel fiskaren som ikkje er i tvil om kva som skal skje med storfisken på 5.7 kilo, den skal røykast.