Home   >   Nyhende   >   Ny start for Bygdalarm

Etter å ha halde til i Øystese i ti år og etter eit opphald på eitt år, blir det 6.-8. juli ny Bygdalarm i nabobygda Norheimsund. Her frå festivalen i 2009. Foto: Bygdalarm.

Ny start for Bygdalarm

Etter å ha lege brakk eitt år, går festivalen Bygdalarm på nytt av stabelen i Hardanger frå 6. til 8. juli.

Bortsett frå at festivalen i år blir flytta frå Øystese til nabobygda Norheimsund, er profilen mykje den same som tidlegare.

– Vi har bevart identiteten vår. Det blir kyr, kumle og klubblarm dette året også, sa frivilligansvarleg Johanna Valland nyleg til Bergensavisen.

Kjærleiken til bygda er viktig for festivalen, forklarer presseansvarleg Maria Pile Svåsand til Nynorsk pressekontor.

Omkransa av fjord og fjell – og eit festivalområde inngjerda med hesjar, kan publikum nyte musikk og lokal mat i hardangerbygda i fulle andedrag.

Musikalsk er pressesjefen godt også nøgd med programmet.

– Vi har eit ganske breitt program i år med alt frå bergensband som Kvelartak til Hjerteslag og Great News.

I tillegg til fleire andre namngjevne artistar, lovar arrangørane ei stor musikalsk overrasking laurdagskvelden.

Pile Svåsand seier Bygdalarm alltid har hatt mange lokale vestlandsband.

– Heile klubbprogrammet er i år vestlandsfolk, seier ho.

I tillegg til daglege utekonsertar byr festivalen i år på eigne klubbkonsept med konsertar og DJ-ar innandørs resten av natta.

Rundt 200 frivillige er med på å arrangeraefestivalen. (©NPK)