Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Ny siger til STIL-damene

Marit Mardal scora ekte hat trick i 2. omgang mot Selje/Åheim onsdag.

Ny siger til STIL-damene

Sandane sitt damelag i 3. divisjon slo Selje/Åheim 4-2 i Sandane Idrettspark onsdag kveld. 

Gjestane leia 2-1 ved pause. Kristine Lothe Rustøen scora heimelaget sitt mål før kvilen.

I 2. omgang scora Marit Mardal ekte hat trick for heimelaget.

Sandensarane toppar no 3. divisjonstabellen med ti poeng på fire kampar.

Neste kamp er borte mot Studentspretten 27. mai.