Heim   >   Nyhende   >   Ny rapport om miljøtilstanden i Norskehavet

Illustrasjonsfoto: Cornelius Poppe / NTB scanpix/ NPK

Ny rapport om miljøtilstanden i Norskehavet

Ein ny statusrapport viser at klimaendringane har ikkje sett tydlege spor i Norskehavet. Miljøtilstanden i havet er god, med få unntak.

Unntaka gjeld sjøfugl, selarten klappmyss og forureining i levra til nokre fiskeartar og i kveitefilet frå Sklinnadjupet. I motsetning er det i Nordsjøen og Barentshavet påvist tydlege biologiske effektar av klimaendringar. Ein har mindre data frå Norskehavet, og dette kan forklare dei klare forskjellane mellom hava.

Statusrapporten for miljøet i Norskehavet er laga av ei overvakingsgruppe sett saman av deltakarar frå 12 direktorat/tilsyn, forvalting- og forskingsinstitusjonar og blir leia av Havforskingsinstituttet

Forureiningsnivået i Norskehavet er stabilt eller avtakande. Det marine avfallet er for det meste plast i ulike størrelsar, som er funnen både i overflata, i frie vassmassar og på botnen.

Rapporten viser at temperaturen i Norskehavet har stige sidan 1990-talet, grunna at vatnet som strøymer til har vore varmt. Sidan 2017 har dette vatnet gått ned i temperatur, men det er likevel ikkje blitt kjøligare i Norskehavet. Forklaringa skal vere at det no er lite varmetap til atmosfæren.

Dei høge temperaturane i havet over tid har ført til mindre havis nord i Norskehavet. Overvakingsgruppa fryktar at dette vil skape endringar i økosystema i området.