Heim   >   Fylket   >   Ny pris til kremlikør frå Gloppen

Ny pris til kremlikør frå Gloppen

Likørprodusenten Fjording vann onsdag ein internasjonal pris for kremlikøren sin.

Det var under kåringa «World Beverage Innovation Awards» i Nürnberg i Tyskland at gründer Øyvind Løkling frå Eid fekk den gjæve prisen for beste alkoholhaldige drink.

Likøren Fjording Hazelnut Caramel har tidlegare vunne fleire andre internasjonale prisar.

Ingrediensane er norsk potetsprit, spritstabil fløyte, vatn frå fjella i Nordfjord, karamell, hasselnøtt og kakao. Likøren vert produsert av verksemda Gardsbrenneriet på Sandane.

Namnet «Fjording» er inspirert av fjordhesten og fjorden. (©NPK)