Ny pris til Brødrene Aa

Brødrene Aa har fått pris på 300 000 kroner frå Siva – selskapet for industrivekst.

Brødrene Aa fekk prisen for arbeidet sitt med utvikling av eit grønare, smartare og meir nyskapande næringsliv.

– Selskapet er nok mest kjent for å vere det første verftet som satsa på bruk av karbonfiber som byggjemateriale i hurtiggåande fartøy. I dag er dei internasjonalt leiande, og ein av verdas største hurtigbåtbyggjarar, uansett byggemateriale, skriv Siva i ei pressemelding.

– Alle finalistane var verdige kandidatar. På vegner av Siva vil eg gratulere Brødrene Aa med prisen. Det var vel fortent. Det siste året har dei gjort ein særleg innsats for å bidra til samarbeid og kunnskapsdeling på tvers av geografi, bransjar og tenkjesett, seier prosjektleiar Ulf Hustad i pressemeldinga.

Fagjuryen har bestått av Stein Terje Dahl (konst. adm. dir. i Siva, juryleiar), Knut E. Sunde (Norsk Industri) og Bjørn Klem (Oslo Cancer Cluster Incubator, vinnar av Sivaprisen 2017).