Heim   >   Fylket   >   Ny overnattingsrekord i juni

Hotella på Vestlandet har hatt den største veksten i overnattingsdøgn i juni. Her Hotell Alexandra i Loen. Foto: Erik Johansen/NTB scanpix/NPK.

Ny overnattingsrekord i juni

Det vart registrert 4,3 millionar kommersielle overnattingar i Noreg i juni. Det er ein auke på 2,3 prosent frå i fjor og ny rekord, ifølgje SSB-tal.

Dei totale tala på overnattingsdøgn reknar med overnattingar på hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar.

Samanlikna med same månad i fjor var det i juni 96.000 fleire overnattingar i Noreg i år. Medan talet på «norske» overnattingar auka med 1,7 prosent, auka utanlandske overnattingar med 2,4 prosent, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Det er talet på overnattingsdøgn i dei fire vestlandsfylka som hadde størst auke, medan Hedmark, Vest-Agder og Aust-Agder hadde ein samla nedgang på 41.000 overnattingar.

Juni var òg ein sterk månad for norske hotell, som hadde 2,7 millionar overnattingar. Det er ein auke på 4,5 prosent samanlikna med juni i fjor. Oslo, Rogaland og Hordaland hadde den største auken i hotelldøgn, medan Vest-Agder og Østfold opplevde ein nedgang.

Medan det var fleire overnattingar på hotell, var det færre på hytte og camping enn i fjor, med ein nedgang på høvesvis 1,7 prosent og 1,1 prosent. (©NPK)