Home   >   Nyhende   >   Ny leiartrio i Krf

Den nye fylkesleiaren flankert av 2. nestleiar Mundal frå Gloppen (t.v.) og 1. nestleiar Robert Osa frå Selje

Ny leiartrio i Krf

Krf hadde fylkesårsmøte i helga og det var duka for leiarskifte sidan Trude Brosvik frå Gulen hadde sagt frå seg attval

Beate Bondevik Lie frå Luster vart vald til ny fylkesleiar. Ho tek altså over etter Trude Brosvik som gir seg etter 10 år som leiar.

– Eg skal ikkje lage eit politisk testamente, for eg blir med på laget vidare, i første rekke som gruppeleiar på fylkestinget, sa Brosvik i talen sin. Stein Robert Osdal frå Selje held fram som 1. nestleiar, medan Audun Mundal frå Gloppen er ny 2. nestleiar