Tor Jacob Solberg fekk ståande applaus som ny leiar på årsmøtet i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Foto: NBS

Ny leiar i Småbrukarlaget

Tor Jacob Solberg er samrøystes valt til ny leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS). Han tek over etter Kjersti Hoff.

Solberg driv med økologisk mjølkeproduksjon og korn på Skiptvet i Østfold. Han har tidlegare vore tillitsvald i Nortura, Felleskjøpet og Bondelaget. I 2021 var han med på å starte Bondeopprøret.

– Norsk Bonde- og Småbrukarlag skal leie kampen for rettferd for bonden og vil ha avgjerande betyding for framtida for norsk matforsyning. Vi skal vekse som organisasjon, og eg er lykkeleg over å få denne moglegheita, seier Solberg i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med seg på laget får Solberg politisk nestleiar Vegard Vigdenes, organisatorisk nestleiar Margrethe Figved og styremedlemmene Inge Aukan og Margit Fausko. Ann Guro Hansen er ny ordførar og Hanne Bjerkvik vart valt som varaordførar, etter eit benkeforslag.

Det vart også kamp om fleire av varaplassane til styret. Eldar Melbøe Kyllesø vart forslått som kandidat til 1. vara, mot innstillinga frå valnemnda på Ståle Støen. Støen gjekk av med sigeren.

Runa Tunheim og Eldar Melbøe Kyllesø vart valt inn som 2. og 3. vara. Inger-Lise Sveum Aasbekken var foreslått som 4. vara av valnemnda, men Irene Dalland vart fremma som benkeforslag. Inger-Lise Sveum Aasbekken gjekk av med sigeren.

(©NPK)